Utveksling Nordhordland - California

Kva kan matprodusentar i California og Nordhordland lære av kvarandre?

I neste veke reiser ein liten delegasjon frå Nordhordland for å ta del i eit forskningsprosjekt i regi av Universitetet i Bergen og Berkely University i California. Prosjektet heter Berekraftig landbruk og matsystem i California og Norge: på gards- og landskapsskala og skal vere ei samanliknande analyse.

Det er UNSECO-Chair *) ved UiB, Inger Måren, som leier prosjektet og ho skildrar det slik:Be responsible.JPG

Sett i lys av utfordringane knytt til ei berekraftig utvikling (FNs Agenda 2030), er auka kunnskap om landbruk og matssystem av stor betydning. Det globale nord, inkludert USA og Norge, bruker en stor andel lite berekraftige løysingar i matssystemet vårt. På den positive sida er både California og Norge kjende sentra for teknologisk og institusjonell innovasjon, kvar med sine ulike styrkar og utfordringer. Dette prosjektet skal identifisere og analysere relevante innovasjonar på landbrukssida i California for å dele med norske aktørar. Californiske bønder og institusjonar vil på si side lære av den «norske modellen» for statleg støtte til multifunksjonelt landbruk.. Samarbeidet mellom UiB og Berkeley vil styrke kunnskapsdeling om berekraftig landbruk i California og Norge, og bidra til auka kunnskap om korleis Norge kan imøtegå det «grønne skiftet». Prosjektet er knytta til eit større forskingsprosjekt, TRADMOD, som legg til rette for kunnskapsdeling gjennom Nordhordland Biosfæreprosjekt.

tomater california.JPGFrå Norge reiser Laila Bjørge (bonde og landbrukssjef i Modalen og Meland kommuner), Maya Riise (bonde og prosjektmedarbeida i Bondens Marked, Margit Reiersen (masterstudent ved Universitetet i Bergen), Amy Eycott (spesialist på beitesystemer ved Universitetet Nord) og Inger Måren (prosjektleiar og UNESCO Chair ved Universitetet i Bergen) til University of California Berkeley på en 4-dagars workshop der vi skal møte og diskutere berekraftig landbruk for framtida. Vi skal også besøke fleire garder i Nord-California og lære om deira erfaringar med berekraftig og klimavennleg landbruk i ei tid da usikkerheit, og då særleg knytt til klima, er ei reell utfordring både i California og i Norge.

I juni kjem ei gruppe frå Univeristy of California Berkeley og bønder frå Nord-California til Nordhordland for å få eit innblikk i norske landbruksmodellar for berekraftig utvikling og omstilling.

*) UNESCO-Chair er eit professorat som er tildelt til Uib for koordinering av tverrfagleg forsking. Professoratet er knytta til UNESCO sit biosfæreprogram.

 

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg