Nordhordland - heilt unik og heilt representativ

Med utgangspunkt i  kultur- og naturressursane som finst i regionen, den historike utviklinga vi har hatt, og den sentrale lokaliseringa regionen har på vestlandskysten, skal vi utvikle Nordhordland Biosfæreområde som noko heilt unikt, og, på same tid, heilt representativt.

Vi ønskjer gjennom prosjektet og setje fokus på alt det gode og positive som Nordhordland har å by på. Vi har all grunn til å vere stolte av ein region som er robust og som tenkjer framtid og utvikling. Vidare vil vi skape engasjement og dialog kring utfordringane som finst her.

Nordhordland står solid som ein representant for den ressurssterke ytre Vestlandskysten og i internasjonal samanheng som eit demonstrasjonsområde for det moderne Norge.

Tips ein ven Skriv ut