VV1_3964 copy_utsnitt

Ull i Nordhordland - "Varme tråder"

Ulla frå sauene i Nordhordland er kanskje ikkje betre enn ulla frå resten av Norge, men vi har lange tradisjonar med å jobbe med ull og dei vil vi gjerne «spinne» vidare på. Gjennom forprosjektet «Varme trådar» prøver vi å sjå korleis vi kan bygge grunnlag for næringsverksemd knytt til alt som har med ull å gjere.

Norsk ull har særs gode eigenskapar, og er ein berekraftig/miljøvennleg fiber. Alle er kjend med ull som ein viktig del av tekstilarven vår, men kanskje ull-fiberen kan nyttast til meir?
I Nordhordland har vi kulturlandskapet, gardbrukarane, sauane, tekstiltradisjonane, bedriftene og eldsjelene som gjev oss dei aller beste føresetnadene for ei satsing på norsk ull.
I 2017/2018 har vi arbeidd med eit prosjekt som vi har kalla: ”Varme tråder – ull klynga i Nordhordland”. Her har vi undersøkt mogelegheitene for ei satsing på ull gjennom heile verdikjeda, frå sauen til garn og tekstilar. Vi har blant anna arrangert ”Møteplass Ull” som eit fag-forum for dei som er interessert i og/eller jobbar med ull. Og vi har arbeida for gjennomføring av Ullveka 2018, for å sjå kva ein ull-festival kan betyr for  satsing på ull i Nordhordland.
 
Besøk til Shetland Wool Week
Våren 2018 reiste 15 representantar som jobbar med ull i Nordhordland, til Shetland. Her fekk vi sjå korleis dei har utvikla Shetland Wool Week til å bli viktig både for landbruket, tekstilnæringa og reiselivsnæringa. Shetland Wool Week har vorte ei særs viktig satsing for naboane våre i vest. Det kjem folk frå heile verda til ullfestivalen for å oppleve Shetland, ta del i aktivitetane og lære meir. Kanskje dei og vil ta turen til Nordhordland, dersom vi klarer å vidareutvikle spennande aktivitetar knytt til ull?
 
Norsk ull held høg kvalitet
Mykje ligg til rette for ei større satsing på næringsutvikling knytt til norsk ull i Nordhordland. Vi ønskjer å styrkje dei ull-bedriftene vi har og samstundes stimulere til at fleire satsar på bruk av ull. I dag veit vi at mykje norsk ull vært skrota, då andre ull kvalitetar, som til dømes den mjuke merinoulla eller alpakkaull, har blitt populære. Den norske ulla har andre kvalitetar enn desse, som god spenst og «krus», noko som kjem godt med til dømes i ullgensre og kofter. Her blir det viktig å formidle kva ull som egner seg til ulik bruk.
Vi ønskjer at Nordhordland skal bli ein region der meir av den lokale ulla vår vært nytta - både på tradisjonelle og på nye måtar. Reiselivet er no i ferd med å kople seg på, gjennom ny satsing på ei ”Ull-rute” der dei reisande får oppleve alle deler av ull-produksjonen – frå garden der ulla vert klippa til verkstader eller fabrikker der ulla blir til garn eller garnet vert vevd, strikka eller sydd til ferdige klede.   Ull kan bli viktig for å byggje opp om identitet og omdømme for Nordhordland som ein berekraftig region.
 
Forprosjektet ”Varme trådar” er eit samarbeid mellom Region Nordhordland, Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret på Lygra, Husflidskonsulenten i Hordaland og Sommerakademiet. Region Nordhordland har hatt prosjektleiinga. Prosjektet er støtta av Lindås kommune, Hordaland Fylkeskommune og Norilia.
Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg