SMARTare Energi

- entreprenørskap i praksis

6-klassingar frå mange skular i heile landet har dei siste åra delteke i SMART-programmet til Ungt Entreprenørskap. Årets problemstilling til elevane i Nordhordland var om framtidig transport av turistar i Nordhordland Biosfæreområde.

I SMARTare Energi får elevane jobba med energi som tema, og det er kåring av vinnarlag både på skulane, i kommunane, i fylket og i landet. I år var seks borneskular frå kommunar i Nordhordland med i konkurransen, og i kommunekåringa fekk vi sjå fantastisk kreative og SMARTe løysingar på problemstillinga vår: "Vis korleis turistar i framtida kan reise rundt i biosfæreområdet på ein energismart måte. Kanskje de finn på noko så smart at transporten vert ein attraksjon i seg sjølv?". 

​Elevane hadde laga modellar av løysingane sine og presenterte korleis deira transportmiddel vil fungere. Dei hadde på nyskapande og kreative måtar tenkt på korleis ein kan nytte ulike formar for fornybar energi i transport, og korleis dette kan fungere i lokalsamfunnet og i ein framtidig kontekst. Ei elevgruppe frå kvar kommune er komen vidare til fylkesfinalen, som vert arrangert 10. april på VilVite i Bergen.

SMART-programmet er basert på aktiv læring, oppfyller læreplanmål i fleire grunnskulefag og har ein entreprenørskapstilnærming med vekt på kreativitet og verdiskaping. Les meir om SMART-programmet og Ungt Entreprenørskap Hordaland her!

Vi ønskjer vinnarlaga lukke til i fylkesfinalen!Ungt Entreprenørskap Hordaland

UEH Logo.jpg

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg