Vi søkjer prosjekt som byggjer opp under satsinga mot å bli eit UNESCO Biosfæreområde

Å ha status som eit UNESCO biosfæreområde forpliktar. Og skal vi ha vere denne statusen verdig så må jobben allereie no starte med å setje i gang aktivitetar/prosjekt som er utviklande, nyttige, berekraftige, styrkande og til glede for regionen vår. Ein av grunnpilarane i UNESCO sine biosfæreområder er at dei alle er tufta på og bygd opp rundt lokale initiativ.

Biosfæreprosjektet skal byggje opp ein prosjektportefølgje som skal konkretisere og byggje opp under satsinga mot å bli eit UNESCO Biosfæreområde.  Nokre prosjekt har prosjektgruppa satt i gong ut frå initiativ frå kommunane.  Dette er er prosjekta 'Smaken av Nordhordland' - ei lokalmatsatsing, 'Regional forvalting av kystlandskapet' - eit prosjekt som ser på m.a. gjengroingsproblematikken i kulturlandskapet vårt og eit prosjekt for 'Berekraftig reiseliv' - som er eit EU-prosjekt. Du kan lese meir om desse ved å følgje menyen til venstre på denne sida.

I eit biosfæreområde skal det folkelege engasjementet for bygda, for næring, for natur og kultur, for samfunnsutvikling generellt, løftast fram. Og slike initiativ finst det mange av i regionen vår. Har du eit prosjekt du meiner vil støtte opp under "biosfæretanken"? Ta gjerne kontakt og informer oss! Om du treng hjelp, diskuterar vi gjerne igangsetting, organisering, prosjektplan, marknadsføring, finansiering og anna...

 

verdas lengste sjømatbord.jpg
Bilete frå Lindåsbygda sitt bygdeutviklingsprosjekt: "Verdas lengste sjømatbord"

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut