Kart Shape

Nordhordland del av internasjonalt prosjekt for berekraftig reiseliv

Med støtte frå EU er Nordhordlaand partnar i eit internasjonalt samarbeidsprosjekt der målet er å vidareutvikle eit berekraftig reiseliv. Prosjektet har fått namnet SHAPE som står for Sustainable Heritage Areas – Partnership for Ecotourism. Prosjektet tek føre seg metodar for utvikling av berekraftig reiseliv , med utgangspunkt i kultur- og naturbaserte ressursar på staden. Dette er det første prosjektet regionen har fått midlar til som ein direkte følgje av biosfæresatsinga.

Bak det lange, tunge namnet Sustainable Heritage Areas: Partnership for Ecotourism skuler det seg 4 biosfæreområde, ein verdsarvstad og ein regionalpark der alle, som vi i Nordhordland, har noko reiseliv, men der potensialet i å utvikle dette vidare er stort. Deltakarane i prosjektet kjem frå Canada, Grønland, Island, Skottland, Finland og frå Norge. - Sjølv om problemstillingane kan variere, er det ein styrke at ein kan dele kunnskap og lære av kvarandre.

Besøkssenter og stadutvikling
Innan SHAPE arbeidast det no med alt frå besøkssenter og destinasjonsplan til temaruter og stadutvikling. I prosjektet skal det også utviklast ein nettportal der andre som er interessert i reiselivsutvikling kan hente kunnskap og inspirasjon. I nettportalen vil det ligge rapportar om dei ulike satsingane og konkrete døme på korleis ein skal gripe dette an.

Kva er berekraftig reiseliv?
Det finst mange definisjonar og ulike sertifiseringsordningar knytt til berekraftig reiseliv. SHAPE-prosjektet definerer aktørar innan ‘berekraftig reiseliv’ som verksemder som ikkje forbruker kultur- og naturressursar, men som utviklar produkt som tek omsyn til desse og til miljøet rundt seg.

SHAPE kan bli «Ullruta» i Nordhordland
I 2019 vil vi utvikle SHAPE-prosjektet i Nordhordland vidare saman med næringa og med Bergen Reiselivslag som ein solid støttespelar. Vi har i år arbeida med mellom andre Lyngheisenteret og Hillesvåg Ullvarefabrikk for gjennomføring av Ullveka og med ei større satsing på næringsutvikling knytt til norsk ull. Vi reiste til Shetland for å sjå på korleis dei har utvikla ‘Shetland Wool’ til å bli viktig både for landbruket, tekstilnæringa og reiselivsnæringa. Inspirert derifrå vil vi utvikle ‘Ullruta’ i Nordhordland. Det er ei turistløype der dei reisande kan få oppleve alt frå besøk på gardar der ulla vert produsert til fabrikkar som produserer garn og ullplagg.

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg