Nattevandring - NORAD

Nattevandring til Håøytoppen 20. september!

- bli med på ein magisk tur saman for berekraftsmåla

Felles avmarsj kl. 20.15 frå Håøy (grasplenen) mot toppen.

 

Verdas vakraste nattevandring i Nordhordland
Saman skal me gå og lyse opp kvelden og lære meir om FN sine berekraftsmål! Nordhordland UNESCO Biosfære saman med fleire samarbeidspartar står bak arrangementet. Me gler oss til kvelden og skal sørgje for at alle får ein trygg og minnerik oppleving.

Stien til Håøytoppen startar ved parkeringsplassen på Flatøy (sementblandeverket). Du må rekne med at parkeringsplassen her er full. Dei som kjem frå Knarvik bør parkere bilen i Knarvik (ved Dampen eller på ferjekaia) og gå over Hagelsundsbrua. Dei som kjem frå sør må parkere på parkeringsplassen (bussholdeplass) og ved Frank Mohn på Flatøy. Samkøyring er ein god idé – fyll opp bilen og kom!

Me samlast på grasplenen på Håøy. Herifrå vert det samla vandring opp til Håøytoppen kl. 20.15. Med hovudlykter lyser me opp heile løypa til toppen. Me tenner berekraftsflammen og det vert talar og underhaldning frå utandørsscena i ei flott utsikt! Me lovar fantastisk stemning under open himmel.

 

Me anbefalar at du har med deg:

· Hovudlykt og ekstra batteri til denne

· Varme, vasstette klede og gode tursko

· Ryggsekk med noko varmt og kaldt å drikke og noko å ete

· Sitteunderlag

VIKTIG: Ta vare på naturen vår! Dette er ein tur der du er ansvarleg for å ikkje å forsøple. Det du tar med deg, må du også ta med heim igjen! Det vert ikkje noko servering undervegs, så sørg for at du har alt du treng for ei kjekk kveld.

Verdas vakraste nattevandring er eit gratis og alkoholfritt arrangement.
 

Praktisk informasjon:

· Stien frå parkeringa på Flatøy til Håøy er velbrukt, men har sine vanskelege parti. Me har vaktar godt plassert i løypa som vil hjelpe til. Frå parkeringa på Flatøy (blandeverket) til plenen der arrangementet startar, er det om lag 1,7 km. Du bør rekne god tid på turen bort minimum 30 minutt.

· På grasplenen vil det vere informasjon og familieoppgåver om FN sine berekraftsmål

· Parkering
​  - Frå sør (Frekhaug/Bergen) – innfartsparkeringsplas + parkeringsplass ved Frank Mohn – gå så på ganvegen opp til der stien startar.
​  - Frå nord (Knarvik) – parker i Knarvik og gå over Hagelsundbrua.

· Kl. 20.15 startar me i samla tropp nattevandringa opp svingane til Håøytoppen (ca 1, 3 km, stigning 172 moh).

· Me tenner berekraftsflammen på Håøytoppen ca kl. 21.00 og  underhaldninga frå scena. Retur derifrå ca 22.00.

· Deltakarane får med seg heim eit minne frå nattevandringa – ei lita gåve frå Nordhordland UNESCO Biosfæreområde.

·  Endringar i arrangementet som følgje av skiftande vêr kan skje på kort varsel.
 

Fakkelstafett: Me tenner berekraftsflammen

Ca kl. 21.00 skal me tenne berekraftsflammen i Nordhordland, på Håøytoppen, som ein symbolsk handling på at me vil ta vare på det vakre biosfæreområdet til det beste for kommande generasjonar. Dette vert opningsmarkeringa på at Nordhordland no er eit UNSCO biosfæreområde, utnemd som det første i Norge! Tidlegare på kvelden vert ilden henta frå smia til Johannes Fosse på Litlebergen. Ungdom frå dei ulike kommunane fraktar ilden i etappar over til Håøy. Mot toppen tek ordførarane i dei 11 kommunane ein etappe kvar – og kven som skal tenne berekraftsflammen på toppen, det vil du sjå der!
 

Lurer du på kvifor me arrangerer nattevandring?

I 2015 gjekk verdssamfunnet saman om å vedta FN sine 17 berekraftsmål. Dei utgjer den globale arbeidsplanen for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og bremse klimaendringane innan 2030. Arbeidet er godt i gong, men for at verda skal nå måla må alle kjenne til dei.

Verdas vakraste nattevandring er ein del av ein opplysingskampanje om berekraftsmåla i regi av Norad – direktoratet for utviklingssamarbeid. Sidan 2016 har over 50 000 personar delteke på nattevandringar arrangert fleire stader i Norge. Du kan lese meir om nattevandringane på www.norad.no/nattevandring.

Dette er også ei opningsmarkering av at Nordhordland, i juni 2019, vart utnemnd til eit UNESCO Biosfæreområde, der målet er å vere eit modellområde for berekraftig utvikling. For å markere eit auka fokus på ein berekraftig utvikling i Nordhordland og i verda, skal me gå saman for berekraftsmåla 20. september 2019.

 

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg