Lokalmatnettverket i Nordhordland: Delta og del!

Første samling i 2019 var i Næringshagen på Mastrevik tysdag kveld

Kjøp lokalmat, framsnakk produkta og kvarandre, ta del i nettverket og del av dine erfaringar - og du vil få mykje god kunnskap og gode 'kollegaer' tilbake! Slik vart samlinga i lokalmatnettverket oppsummert i tysdag kveld.

bilde 2.jpg
God mat og nettverksbygging er ein perfekt kompinasjon!

På agendaen stod nettverk og nettverksbygging. Prosjektleiar for lokalmatsatsinga, Hildegunn Opdal, innleia med å fortelje om nettverket i Nordhordland og programmet for 2019. I tillegg til ulike kurs og marknader det er høve til å delta på, er eit sentralt tema i år å utvikle 'Nordhordlandsmenyen'. Dette vil vere fleire workshop der vi brukar råvarene vi har og utvikler ein eller fleire menyar ved hjelp av gode kokkar. Håpet er å kunne presenterer Nordhordlandsmenyen til hausten.

Om du vil vere aktivt medlem i nettverket og få rabatt på kurs / samlinger / studietur m.m. kan du melde deg inn, det koster kr. 2000,-. Vi håpar at mange ser nytten og at vi får eit solid matnettverk i Nordhordland! Sjå presentasjonen til Hildegunn og få meir informasjon her.

30 deltakarar var samla i Næringshagen

Matarena
Ingerid Wembstad frå Matarena presenterte deira kompetanseprogram for 2019. Matarena er eit nettverk for heile Hordaland som samarbeider særs godt med vårt lokale initiativ. Dei har 4 forretningsområder; kompetansutvikling, matarrangement, kunnskapsformidling og forretningsrådgjeving. I tillegg til dei ulikie nettverka dei driv innafor mat, arrangerar dei kvart år den store matfestivalen i Bergen. Medlemsskap i nettverket kostar i 2019
kr. 4 000,-. Sjå presentasjonen til Ingerid og få meir informasjon her.

Koldtbord.jpg

 

 

Maya Riise, Nordre Solend Gard
Maya Riise snakka om betydninga av å vere i eit nettverk og poengterte at det finst mange gode hjelparar rundt matprodusentar. Ho oppfordra til å vere ein aktiv deltakar og søke råd og hjelp frå ulike hald - det er mange vegar til å lukkast og ein treng slett ikkje kunne alt sjølv! Sjå Maya sitt innlegg her.

Kjøp lokalmat!
Så no går oppfordringa til oss alle: Løp og kjøp god lokalt produsert mat! Ta i bruk dei gode råvara frå Nordhordland og ekperimenter heime: Kva er din Nordhordlandsmeny?Kake Aufera.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg