Kva kan status som eit biosfæreområde tilføre?

Kva er det dei 669 eksisterande biosfæreområda ser som er nytta av å ha status som eit UNESCO biosfæreområde?

Ha ei tydeleg leiestjerne for samfunnsutviklinga
Å ha status som eit UNESCO biosfæreområde inneber ei ekstra forplikting om berekraftig utvikling av området til det beste for kommande generasjonar. Det gjev området ei leiestjerne for val dei skal ta i viktige saker for framtida. Områda set seg mål for kva dei ser som viktig å prioritere og gjennomføre, og vert målt på resultata dei oppnår. UNESCO evaluerar kvart av biosfæreområda i tiårssyklusar. Ein kan miste statusen om ein ikkje stettar dei krava som UNESCO har sett.

Ta kunnskapsbaserte val - tiltrekke seg kunnskaps- og forskingsmiljø
Sentralt i alle biosfæreområder står forsking og kunnskapsutvikling. Ei viktig rolle som områda har, er å opprette dialog og samarbeid mellom lokalbefolkninga, styresmaktar, næringsliv osv og forskings- og utviklingsmiljø. Kva kunnskap treng området for å gjere gode val for framtida?

Næringsutvikling for framtida
Ei berekraftig utvikling til nytte for kommande generasjonar vil også seie å leggje tilrette for gode arbeidsplassar for framtida. Korleis ser næringslivet i området ut og kva tankar har dei for å sikre ei god framtid for verksemda og trygge arbeidsplassar?  I særs mange av biosfæreområda knyter næringslivet seg til og vert ein viktig medspelar til arbeidet som biosfæreorganisasjonen gjer for å sikre dialog og kunnskapsdriven utvikling kring dei langsiktige spørsmåla for god utvikling i området. Desse 'Ambassadørlaga' vert då óg viktige for innovasjon og ny næringsutvikling med utgangspunkt i kva ressursar, kvalitetar og kunnskap områda har som potensiale for evt ny næringsvegar i framtida. Eksempel på eit biosfæreområde som jobbar tett med næringslivet er området Manicouagan Uapiska i Canada. Eit område som har lagt stor vekt på å utvikle reiselivsnæringa er biosfæreområdet Entlebuch i Sveits.

Vere ein del av eit internasjonalt nettverk
Det går føre seg samarbeid, kunnskapsutveksling og ulike fellesprosjekt i særs stort omfang mellom biosfæreområda. Dette er det attraktivt og kunne ta del i, lære av andre og samarbeide på tvers av landegrenser. I Europa har ein oppnådd gode resultat med mange samarbeidsprosjekt finansiert av EU-midlar.

 

 

beat_pa_taket.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut