Blomsterjenter

Kva er eit biosfæreområde?

Biosfæreområde har du kanskje aldri høyrt om? Kva er eit biosfæreområde og kva meiner ein med 'biosfæren'?
Kva handler det å ha status som eit biosfæreområde eigentleg om? Det er faktisk veldig enkelt:
I desse skal ein byggje på det beste frå fortida og kunnskap ein har i dag. Vi skal finne gode berekraftige løysingar på utfordringar og syte for at vi, på best mogelege måte, 'leverar'området vidare til komande generasjonar.

Dei fleste kjenner til UNESCO sitt verdsarvprogram som kan vere unike byggverk, unik natur e.l. som ein ønskjer å verne og ta vare på for framtida. Norge har fleire stader med verdsarvstatus som t.d. Bryggen i Bergen og Nærøyfjorden. Men omgrepet biosfæreområde er ikkje så kjent i Norge. Biosfæreområda er sjølve grunnsteinen i UNESCO sitt program «Man and the Biosphere» (MAB) som du kan lese meir om her. Programmet er godt utvikla internasjonalt, og er meir aktuelt enn nokon gong sett i lys av dei utfordringane verda står ovanfor i dag... Det finst ved inngangen til 2019 686 biosfæreområde i verda, i Europa finst det no 245 område og i dei nordiske landa er det 9.

Eit modellområde
Eit biosfæreområde er eit avgrensa geografisk modellområde der ein legg til rette for berekraftig utvikling. Målet er å oppnå ein meir berekraftig balanse mellom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikra ei god samfunnsutvikling ved samarbeid mellom lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forskingsinstitusjonar. Biosfæreområda sitt viktigaste verkemiddel er dialog mellom samfunnsaktørane i lokalsamfunnet, og erfaringane verda over viser at dette arbeidet gjev gode resultat. Mange biosfæreområde er dyktige til å fremje lokal identitet og produkt, noko som bidrar til større merksemd kring staden sine ressursar, næringsutviklingat og at  befolkninga vert meir stolte over sitt område.

Biosfæren
Ordet biosfære referer til alt på land, i vatn og i lufta som opprettheld livet på jorda. Ein kan gjerne omsetje uttrykket 'man and bisphere' til 'mennesket og livsmiljøet'.

 

Les meir om kva ein status som eit UNESCO biosfæreområde kan bidra til her.

Det er laga mange filmar om kva eit biosfæreområde er. Her kan du sjå to av dei. Om du søkjer på 'Biosphere Reserves' på Youtube, vil du finne fleire!
Ein film om ideen bak biosfære-tanken til UNESCO som biosfæreområde i Canada og Europa har samarbeida om å lage.

Tyskland presenterar mogelegheitane i biosfæreområda sine.

 

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg