Blomsterjenter

Nordhordland Biosfæreområde

Visjon og mål

Kva handlar det å vere eit biosfæreområde eigentleg om? Jo, det er veldig enkelt:

Her skal vi byggje på det beste frå fortida og kunnskap vi har i dag. Vi skal finne gode berekraftige løysingar på utfordringar og levere regionen vår vidare i ein framifrå tilstand til dei komande generasjonar.

Du kan lese om kva eit biosfæreområde er i artiklane som står i margen til venstre.

Hovudmålet vårt:
Ved å etablere Nordhordland som Norge sitt første UNESCO biosfæreområde skal vi:

Saman med heile regionen legge til rette for at området utviklar seg på ein moderne og berekraftig måte til glede og nytte for befolkninga i dag og komande generasjoner.

 

Det er laga mange filmar om biosfæreområder rundt om i verda. Her er to av dei. Om du søkjer på 'Biosphere Reserves' på Youtube, vil du finne fleire!

Ein film om ideen bak biosfære-tanken til UNESCO som biosfæreområder i Canada og Europa har samarbeida om å lage.

Tyskland presenterar mogelegheitane i biosfæreområda sine.

 

Tips ein ven Skriv ut