Kva er berekraftig utvikling?

(Kilde: FN-sambandet)

Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine muligheiter til å dekke sine.

Definisjon: Berekraftig utvikling

Utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydelegge muligheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov.

Kilde: FN sin verdskommisjon for miljø og utviklings rapport Vår felles framtid (1987)

For å skape berekraftig utvikling må verdssamfunnet jobbe på tre områder:

Miljø

Miljøring

Klimaendringane må stansast for å skape berekraftig utvikling.

Klimagassutslepp skaper global oppvarming og store miljøproblem. Størstedelen av dagens utslepp kjem frå rike land. Miljøproblema, som flom, tørke og andre naturkatastrofar, rammar menneske i fattige land hardast. I tillegg truer presset på naturen sitt artsmangfald – det biologiske mangfaldet.

Klimagassar oppstår blant anna ved forbrenning av olje, kull og gass. Desse ressursane er ikkje fornybare; når du bruker opp alt kullet i ei gruve vil det ikkje komme nytt kull av seg sjølv. For å stanse klimaendringane og skape berekraftig utvikling må verdas land difor satse meir på fornybare ressursar, som skog, vatn og vind.

Økonomi

Økonomiring

Vi må skape eit økonomisk system som minskar forskjellane mellom fattige og rike menneske.

I verda i dag er det eit aukande gap mellom fattige og rike. Størstedelen av verdas befolkning bur i fattige land, mens det er menneske i rike land som bruker mesteparten av ressursane. Dersom alle menneske på jorda skulle hatt same forbruk som menneske i USA måtte vi for eksempel hatt 4,4 jordklodar.

For å minske gapet mellom fattige og rike må vi få ei likare fordeling av verdas ressursar. Det betyr at vi må skape eit økonomisk system som gir fattige land muligheita til å skape vekst. For at denne veksten skal vere berekraftig må det tas omsyn til miljøet underveis. Det kan for eksempel bety at rike land kan betale for at fattige land utviklar ein industri som tar vare på miljøet, i staden for å satse på ikkje-fornybare ressursar.

Vanlege menneske i rike land kan bidra til ei jamnare fordeling ved å ha eit bevisst forhold til sitt eiga forbruk. Viss vi til dømes hadde ete litt mindre kjøtt enn det vi gjør i dag, kunne kornet som vert brukt til å fø dyra som skal slaktast heller blitt brukt som mat til menneske.

Sosiale forhold

Sosiale forholdring

Befolkningsvekst skapar auka press på naturressursane.

I fattige land vert det født langt fleire born per familie enn det gjer i rike land. Dette skuldast delvis at born er ein viktig ressurs for fattige familiar – fleire born sikrar at fleire kan jobbe for å skape ei inntekt. Mangel på kunnskap om, og tilgang til, prevensjonsmiddel fører i tillegg til at fattige kvinner ikkje kan velje sjølv kor mange born dei vil ha.

Befolkningsveksten skapar eit auka press på naturressursane, som igjen gjer det vanskeleg for fattige menneske å jobbe seg ut av fattigdommen. Mange vel derfor å flytte inn til byane, der dei ofte ender opp med å bu i slumstrøk.

Tilgang til utdanning og eit helsetilbod er viktig for at folk skal kunne jobbe seg ut av fattigdom på sikt. Studiar frå FN viser at kvinner som har kunnskap om og tilgang til prevensjon føder færre barn enn kvinner som ikkje har den same tilgangen. Dermed får familien færre munnar å mette, og det blir mindre press på dei lokale naturressursane. 

Bærekraftig utvikling figur ordentlig

Dersom vi greier å forbetre sosiale forhold, miljøproblema og økonomisk ulikhet kan vi skape berekraftig utvikling.

Tips ein ven Skriv ut