Korleis skape ei berekraftig utvikling?

(Kilde: FN-sambandet)

For å oppnå måla om berekraftig utvikling må verdssamfunnet jobbe på fleire felt samtidig.

Berekraftig energi

Tilgang til rein energi er viktig dersom vi skal skape ei berekraftig utvikling.

Tilgang til elektrisitet skaper inntekter, sikrar helsetenester og forbetrar kvaliteten på utdanning. For fattige menneske er dette viktige faktorar for å kunne jobbe seg ut av fattigdom.

I følgje det internasjonale energibyrået (IEA) manglar 1,4 milliardar menneske i verda tilgang til elektrisitet. Dobbelt så mange bruker kunn vedfyring og andre forureinande kjelder til oppvarming og matlaging.

Energisektoren må byggast ut og endre fokus

Behovet for energiutbygging er stort i dag, og vil auke med befolkningsveksten. Verdssamfunnet må derfor finne løysingar for å imøtekomme behovet.

I dag blir 80 prosent av det globale energibehovet dekka av fossilt brennstoff, som olje, kull og naturgass, og atomenergi. Bruk av fossilt brensel er ei av de viktigaste årsakene til Co2-utslepp. Desse utsleppa er for høge i dag, og kloden vil ikkje kunne takle at heile verdas befolkning baserer seg på fossile brennstoffer i framtida.

Dersom energiutbygginga skal være berekraftig må det derfor investerast i fornybare energikjelder, som vatn- vind og solenergi.

Grøn økonomi

Grøn økonomi handlar om å utvikle ein verdsøkonomi som bidrar til berekraftig utvikling.

Definisjon: Grøn økonomi

«en økonomi som resulterer i økt menneskelig trivsel og sosial likhet, samtidig som den betydelig reduserer miljørisiko og økologiske fotavtrykk»

Kilde: UNEP - Initiativ for grønn økonomi

For å skape grøn økonomi må ein etablere eit økonomisk system som bidrar til høg utvikling og lave økologiske fotavtrykk på ein gong.  

Man må med andre ord stimulera til økonomisk vekst i fattige land, på ein måte som reduserer menneska sitt forbruk av naturressursar.

Dette forbruket er klart høgast i rike land.

økologisk fotavtrykk

Økologisk fotavtrykk måler menneska sitt forbruk av naturressursar. Her presentert som gjennomsnittsinnbyggaren sitt forbruk i kvart enkelt land. (Global Footprint Network, 2007)

FN sitt initiativ for grøn økonomi

FN sitt miljøprogram har satt i gang eit initiativ for å gjere verdsøkonomien grønnare. Målet er å drive fram endringar i nøkkelsektorer som energi-, transport-, bygging-, industri-, avfall-, jordbruk-, byplanlegging-, skog-, fiske-, ferskvatn-, og turismesektoren.

Fokus vil være på å skape vilkår som gjer det mogleg å oppnå ein grøn økonomi, for eksempel gjennom subsidier, skattar og reguleringar.

Kven skal skape grøn økonomi?

For at grøn økonomi skal kunne gjennomførast må det arbeidast frå fleire hald.

  •  i verdens land må legge til rette, og skape et institusjonelt rammeverk som gjør det mulig å skape en grønare økonomi.

    Bedrifter og det private næringslivet må investere i nøkkelsektorene.

  • Sivilsamfunn og organisasjonar må spreie informasjon og kunnskap om grøn økonomi, og legge press på myndigheter, bedrifter og næringsliv.

  • < > må vere bevisste, og til dømes kjøpe produkt som er laget på miljøvennleg måte.

     

    Eksempel: Kinesisk solenergi

    Kinesiske myndigheter har iverksatt ein femårsplan der dei vil satse på solenergi for å varme vatn til husholdninger, sykehus, skoler og restauranter. Dette gir fordeler på fleire område:

    •  Menneske og bedrifter sparer pengar på brensel. Solenergiindustrien skaper inntekter.
    •  Bruken av fossilt brensel reduseras.
    •  Risikoen for karbonforgifting reduseras. 600 000 menneske har fått jobb i industrien.

      Kilde: UNEP - Initiativ for grønn økonomi (2011)

Tips ein ven Skriv ut