kart nb

Kart over Nordhordland biosfæreprosjekt

Det føreslåtte biosfæreområdet strekkjer seg frå oljefeltet Troll på kontinentalsokkelen, gjennom kyst- og fjordlandskapet til toppen av Stølsheimen 1300 m.o.h. og deretter ned til Sognefjorden. Området dekker ca. 8250 km2.

Nordhordland står solid som ein representant for den ressurssterke ytre Vestlandskysten og i internasjonal samanheng som eit demonstrasjonsområde for det moderne Norge. Naturen er kontrastrik med kysten beskytta av ein breid skjergard, store og små fjordar og vidare gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell.

Det tenkte biosfæreområdet er utforma som ein ressursprofil frå oljefeltet Troll i vest, til Stølsheimen i aust. Kart: Peter Emil Kaland.

Tips ein ven Skriv ut