Frå søknad til godkjenning

Framdriftsplan

Dette er ei grov oversikt over den planlagde framdrifta for prosjektet fram til endeleg
godkjenning:


2013
August-november: Prosjektetablering


2014
Januar – april: Arbeid med forprosjektsøknaden om å få status som en Biosfærekandidat.
Mars: Prosjektet skal presenterast i samband med ein internasjonal UNESCO-konferanse i
Bergen
Juni - september: Søknadshandsaming i styringsgruppa, Regionrådet og i kommunestyra.
August – desember:
• Sende søknaden til den norske UNESCO-kommisjonen.
• Starte opp informasjons- og aktivitetsarbeid som skissert tidlegare i søknaden.
• Opprette ein eller nokre få temagrupper
• Starte planlegging av dei første biosfæreaktivitetane

 

2015
Vår:
• Opprette temagrupper på hovudområda.
• Etablere minst 3 konkrete prosjekt.
• Starte arbeid mot skuleverket.

Haust:
• Ha frå 5 til 10 pågåande biosfæreaktivitetar – av desse skal minst to vere i samarbeid
med UiB.
• Første biosfærekonferansen/marknaden.
Eit viktig arbeid dette året er produksjon av hovudsøknaden. Universitetet sin representant vil
fungere som redaktør. Forskingsadministrativ avdeling ved UiB gjennomfører kartlegging av
forskingsinitiativ ved alle fakulteta. Ei rekke fagfolk, politikarar, kommunetilsette, næringsliv og
befolkninga elles i Nordhordland vil gje bidrag. Kartverk som er tilpassa biosfæreområdet sine
behov vert utvikla. Skisserte arbeidsgrupper set ulike tema og prosjekt på dagsorden i
«biosfærisk ande».

 

2016-17
Vidareføring av eksisterande aktivitetar, og evaluering av desse.
Etablering av 5 til 10 nye aktivitetar.
Utvikle opplegg for skuleverket.
Søknadsproduksjonen vert avslutta i juni.
September: Søknad klar til handsaming i alle kommunestyra, Hordaland fylkeskommune og
Fylkesmannen, fram mot endeleg innsending til UNESCO-kommisjonen og til regjeringa.


2018
30. september: Endeleg søknad vert sendt frå den norske regjering til UNESCO, Paris.


2019
Juni: UNESCO utnemner Nordhordland som UNESCO Biosfæreområde.
August: Formell opning av det nye biosfæreområdet i Nordhordland.

Tips ein ven Skriv ut