Forsking i Nordhordland Biosfæreområde

Forsking, kunnskapsdeling og internasjonalt samarbeid med andre biosfæreområder er grunnlaget for ny informasjon og nye idear. Verdifull kunnskap kan vidareutviklast og ny kunnskap kan oppstå. Forsking og utdanning står svært sentralt i dei aller fleste biosfæreområda rundt om i verda, som eit av verkemidla for å sikre berekraftig utvikling.

Universitet i Bergen er ein særs viktig medspelar og samarbeidspartnar til biosfæreområdet. UiB fått godkjendt frå UNESCO eit UNESCO-professorat. Dei vil knyte dette professoratet opp mot forskingsaktivitet i Nordhordland. Til stillinga vert det også 5 bistillingar for forskarar, så dette vil vere eit tverrfagleg team for koordinering av forsking i regionen.

 

Allereie hausten 2015 har vi fleire søknader om nye forskingsprosjekt i regionen til handsaming i ulike instansar, knytt opp til biosfæresatsinga på ulike måtar:

Forskningsbasert praksis for regional omstilling og utvikling i kommuners næringsutviklingsarbeid. Høyskolen i Bergen har sendt søknad til Regionalt Forskningsfond Vestlandet. Ny informasjon januar 2016: Søknaden vart ikkje godkjent hjå Forskingsfondet, og HiB har no til vurdering om dei skal gå vidare og evt korleis søknaden då skal omformast.

Tourism for Sustainable Heritage Sites in the "Cool North". Søknad til 'European Regional Development Fund. Eit samarbeidsprosjekt mellom regionalparkar og biosfæreområder i 5 land. UiB står som søkjar.

From traditional resource use to modern industrial production: challenges for sustainable management on the west coast of Norway. Søknad til Norges Forskningsråd. UiB står som søkjar.

 

Tips ein ven Skriv ut