M Ñl-1-RGB

FN sitt berekraftsmål nr.1: Utrydde fattigdom

Gje bort det du ikkje treng.

FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Eit biosfæreområde er ein god arena for å implementere Agenda 2030 og FN sine berekraftsmål. For å få det til må vi gjere berekraftsmåla betre kjent, og finne ut korleis vi kan jobbe med dei i regionen vår. I denne artikkelserien presenterer vi berekraftsmåla:

Mål 1: "Utrydde alle former for fattigdom i heile verda"

I 1990 levde 36 prosent av verdas befolkning i ekstrem fattigdom. Sidan den gang har andelen ekstremt fattige blitt meir enn halvert. 767 millioner mennesker lever i dag under fattigdomsgrensa på 1,90 dollar dagen. Ekstrem fattigdom skal utryddast innan 2030.

For å bekjempe fattigdom må den økonomiske veksten vere inkluderande og fordelast jamnare blant land og befolkning. Den må skape berekraftige jobbar, og gje like mogelegheiter til alle.
Det er mange ulike måtar enkeltmenneske og organisasjonar kan arbeide på for å redusere fattigdom. Dei viktigaste endringane må gjerne gjerast gjennom endringar av strukturar; det vil seie måten økonomien er organisert på, korleis vi handlar med kvarandre, politiske system og maktforhold mellom land og individ.

Ein enkelt person kan sjeldan oppnå så veldig mykje på eiga hand, men ein kan forsøke å bidra. I første omgang må ein vere klar over, bevisst og bry seg om at det finst eit fattigdomsproblem i verda. Så må ein handle. Det er mange små val i kvardagen vår som kan bidra til å gjere verda til ein betre stad for mange andre. For eksempel er det du legg i handlekorga di i matbutikken med på å påverke liva til menneske i andre deler av verda, som produserer denne maten. Du kan engasjere deg i politisk arbeid. I eit demokrati kan det vere alt frå å stemme ved valet, eller prøve å påverke opinionen og politikarar ved å ytre seg i aviser og sosiale media, demonstrasjonar eller sette i gang politiske aksjonar. Ein kan og støtte eller involvere seg i frivillig arbeid, bistand og kampanjar. Ein kan operere på eiga hand, men det mest effektive vil normalt vere å arbeide saman med andre gjennom ein organisasjon. På Global.no kan du både finne kunnskap og tips om korleis du kan engasjere deg.

Kanskje nokon har forslag til korleis vi kan setje meir fokus på dette i Nordhordland? 

Her kan du lese meir om berekraftsmål nr 1: Utrydde fattigdom.

Kjelder: www.fn.no, www.global.nohttp://www.un.org​

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg