Film frå nattevandringa til Håøytoppen!

Fredag 20. september gjekk store og små i Nordhordland nattevandring til Håøytoppen og markerte regionen sin status som eit UNESCO Biosfæreområde.

Berekraftsmål 17Region Nordhordland markerte statusen som eit UNESCO Biosfæreområde ved å sette fokus på FN sine berekraftsmål. Saman med FN-sambandet, vart det arrangert familieaktivitetar med flotte premier på grasplenen på Håøy. Ved kaia låg Brørviksskuto, og store og små kunne gå på oppdagelsesferd i område. Ein delegasjon frå UiB, Klima og miljødepartementet, UNESCO-kommisjonen, og fleire sentrale aktørar i Nordhordland kom i land på Håøy med båt frå Kilstraumen.

I smiaI smia til Johannes H. Fosse vart berekraftsflammen tent av smeden sjølv og påtroppande ordførar i Alver kommune, Sara Sekkingstad. Tre ungdommar frå regionen var med og brakte flammen over til Håøy med den tradisjonsrike båten Oselvaren. Initiativtakar og eldsjel, Peter Emil Kaland (UiB), tok imot flammen og saman gjekk alle deltakarane og lyste opp stien opp til toppen av Håøy. Langs stien kunne ein sjå lysande berekraftsmål, og på toppen vart ein motteke av vakre tonar frå saxofon.

Med flammen frå smia vart bålet på toppen tent av ordførarane, for å symbolisere den viktige satsinga og samarbeidet framover. Det var inspirerande talar, premieutdeling og god stemning. Kvelden vart avrunda med ein spanande tur ned igjen i kveldsmørket, opplyst av hovudlykter og lyseffekter langs stien. 

Peter Emil

Marte i Oselvaren

 

 

 

 

 

Tenning av bål
Tusen takk til alle som deltok og bidrog til at nattevandringa vart ein magisk og stemningsfull kveld! 

Spesielt takk til:
​Johannes H. Fosse i smia
​Jakob, Emil og Marte
FN-sambandet
Kystkultur.no
​Lindås og Meland brannvernUtsikt frå toppen
​Røde Kors
Knarvikmila
​Trivselsleiarane
Romannskapet
​Dugnadsgjengen

 

Sjå filmen vår på YouTube!Bål i Gulen

Det vart tent bål fleire stader i Region Nordhordland denne kvelden. I Modalen vart dette filma!
Sjå filmen på vår YouTube-kanal her!

I forkant av arrangementet var me på besøk i smia til Johannes H. Fosse. Sjå filmen frå besøket vår her!

 

Tips ein ven Skriv ut
Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg