Nordhordland har ein unik kombinasjon av ressursar

Nordhordland vert ofte omtalt som regionen mellom Bergen og Sognefjorden. Men Nordhordland er ikkje noko mellom, Nordhordland er det heile, har det heile og vil vise fram det heile! Dette er regionen som er best eigna til å representere det moderne, framtidsretta Norge. Fordi vi er eit lite stykke Norge!

"Fra de ytterste skjærFedje storm.jpg
der havdønningene slår som klodens egne pulsslag innover svabergene
over lyngheier og sund, innmark og utmark, knauser og koller
helt inn til der landskapet stiger steilt mot fjellheimen og støl ligger bak støl
mot himmelranden, er Nordhordland et lite stykke Norge i miniatyr.
Selv om hele landsdelen fra Fedje til Stølsheimen
var løsnet fra kysten og kommet i drift
hadde den likevel hatt det meste av det landet har å by på - med seg"

                                                        Gunnar Staalesen

 

Tenk på kva det er som er dei viktigaste ressursane for framtida og det som Norge si velferd og utvikling er tufta på: Ressursane natur, vatn, fisk og olje. Regionen har denne heilt unike kombinasjon av desse ressursane som gjer at Nordhordland står solid som ein representant for den ressurssterke ytre Vestlandskysten og i internasjonal samanheng som eit demonstrasjonsområde for det moderne Norge.

Fram til om lag 1970 var Nordhordland rekna som ein relativt fattig region. Jordbruk, fiske og handtverk var leveveg for mesteparten av befolkninga slik det har vore i uminnelege tider. Etter at jordbruket vart innført i yngre steinalder har befolkninga nytta alle tilgjengelege ressursar langs den økologiske gradienten: fiskarar med småbruk i ytre strøk; bønder med utstrakt seterdrift i indre strøk. Regionen har óg vore viktig i oppbygginga av nasjonen Norge. Gulatinget og Gulatingsloven var del av grunnlaget for kong Magnus Lagabøtes landslov og viser regionen sin store regionale og nasjonale rolle i vikingtida og middelalderen.

Nordhordland er valt ut som pilotprosjekt fordi regionen på ein framifrå måte kan stå som modellområde både for det historiske og det moderne kystlandskapet i Norge. Utvikling i samfunn og teknologi har ført til at regionen i vår tid forvaltar store verdiar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Det varierte landskapet er ein ressurs i seg sjølv.

 

ressursprofil.jpg

Eit tverrsnitt gjennom det tenkte biosfæreområdet som viser korleis ressursane vert nytta frå hav til fjell. Illustrasjon: Kjersti Isdal.

 

 

Tips ein ven Skriv ut