Utvikling av berekraftig reiseliv i Nordhordland - eit EU-prosjekt

Tourism for sustainable heritage sites - Northern Periphery and arctic programme

Kva skal til for å byggje opp, eller vidareutvikle, eit berekraftig resielivsprodukt, tufta på ressursane som finst i regionen (natur, kultur og kunnskap)?

Saman med andre biosfæreområder i Finland, Sverige, Skottland m.fl, er det søkt om eit prosjekt som setjer fokus på reiselivsutvikling. Prosjektet har vore gjennom ei prekvalifisering og er no kvalifisert til å søkje om å få tildelt midlar til hovudprosjektet.

Målet for prosjektet er å fokusere på reiseliv som eit kjerneelment i det å utvikle eit berekraftig biosfæreområde. Hovudmålet er å nytte dei natur- og kulturressursane som finst i dei ulike områda på ein måte som gjev lønsam næring, og som tek vare på kultur og natur og ikkje forbrukar den.

Samarbeidspartnarane i prosjektet er no inne i en kartleggingsfase der vi saman får oversikt over felles utfordringar. Vi ser og på eksisterande løysingar som allereie finst rundt om, og ser på kva som vil vere viktige fokusområder som samlar oss.

Nokre reelle utfordringar delar vi (sjølv om vektlegginga av desse vil vere ulik områda i mellom...):

  • Eksisterande reiselivsverksemder er basert på eit ganske tradisjonelt tilbod til turistar, i staden for å bygge på området sin natur- og kulturarv eller bruke ressursane sine på ein berekraftig måte;
  • Potensielle interessentar, spesielt i "tradisjonelle" ressursbaserte sektorar - t.d. jordbruk, fiske, skogbruk, gruvedrift - ser ikkje korleis eller kvifor, turisme skal verte integrert i deira verksemd.
  • Nye reiselivsverksemder er små og svake, og det er begrensa samarbeid og koordinering både mellom og innafor ulike grupper av interessentar. Dette gjer at utveksling av informasjon og utvikling av sterke regionale merkevarar vert begrensa.
  • Aktørane i den "nye reiselivsnæringa" manglar kunnskap og ressursar til å bruke moderne marknadsføring og utnytte høve for nettverksbygging (t.d. Facebook, Linkedin, Airbnb) eller prosessar (t.d.søkemotoroptimalisering) og å arbeide saman for å nå potensielle kundar.
  • Transporttilbodet og koordinering av offentleg transport er ofte dårlig.

Forprosjektfasen vil gå fram til mars 2016. Då skal prosjektet med mål og aktivitetar, samt finansieringsløysing, vere på plass og hovudsøknaden skal sendast inn.

 

 
 
 
 
Tips ein ven Skriv ut